Infoskriv nr. 15/2021 - uke 17

  • KOSTRA rapportering - til kommunane
  • Kantsoner og tiltak i vassdrag
  • Påminning om Webinar
  • Kommunane sine retningsliner for NMSK skogkultur skal offentleggjerast
Publisert 30.04.2021

KOSTRA rapportering - til kommunane

Vi minner kommunane på å kvalitetssjekke sine KOSTRA tall fram mot endelig publisering 15. juni. I vedlegget kan dykk sjå tala for kommunen. Vi ber dykk sjekke at det stemmer og korrigere om det er feil eller manglar.

Les meir her


Kantsoner og tiltak i vassdrag

Foredrag fra kompetansesamlinga om kantsoner og tiltak i vassdrag er no publisert her. Foredraga er også publisert på SMIL-sida hos Statsforvaltaren.


Påminning om Webinar

NIBIO vil halde kurs om kartgrunnlaget i arealplanlegginga 6. mai og 11. mai frå kl. 9.00- 11.00. Dei vil gå gjennom ulike temakart som er nyttig å kjenne til, og bruken av desse for kommunane si plan- og landbruksforvalting. Påmeldingsfrist: 3. mai, kl. 16:00.


Kommunane sine retningsliner for NMSK skogkultur skal offentleggjerast

I tildelingsbrevet frå Statsforvaltaren til kommunane for 2021 står det at kommunane sine retningsliner for NMSK-tilskot til skogkultur skal offentleggjerast. Vidare står det at tilskotssatsane skal meldast til Statsforvaltaren.

Les meir her

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner