Infoskriv nr. 40/2021 - uke 49
- Endra sanksjonering i AK-ordninga ved brot på krav om vegetasjonssone
- Registrering av kontrollerte foretak - RMP
- Endring i trekk for seint innsendt søknad om RMP-tilskot
- Ekstra tildeling til Vestfold og Telemark til skogsveg, taubane o.a.
- NMSK skogkultur - utvida frist for føring
- ØKS - Virkesdata/forsending 2021-12
Endra sanksjonering i AK-ordninga ved brot på krav om vegetasjonssone
Ordlyden i § 4, fjerde ledd, i Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket er endra.
Registrering av kontrollerte foretak - RMP
Dere bør registrera føretaka som er tatt ut til stadleg kontroll. I halvparten av kommunane er det ikkje gjort enno. Risikovurderinga av kva føretak de plukkar ut til kontroll vart gjort før den stadlege kontrollen og då bør det synleggjerast ved at føretaka er merka for stadleg kontroll.
Endring i trekk for seint innsendt søknad om RMP-tilskot
Sjå e-post frå Landbruksdirektoratet:
Ekstra tildeling til Vestfold og Telemark fylke til skogsveg, taubane o.a.
Landbruksdirektoratet har 03.12.2021 tildelt Vestfold og Telemark kr 2,5 mill. kr ekstra i tilskot til skogsvegar taubane o.a.. Vi tildeler derfor framleis ekstra middel til kommunar med behov for middel til ordninga for skogsvegar og taubane o.a..
NMSK skogkultur - utvida frist for føring
For å prøve å få ut mest mogleg av NMSK-midlane i år, tøyer vi kommunane sin frist for å handsame søknadar om tilskot til skogkultur til 9. desember. Det vert absolutt siste frist, før Landbruksdirektoratet stenger tilskotssystemet.
ØKS - Virkesdata/forsending 2021-12
Virkesdata/forsending 2021-12 er no klar for kontroll, eventuelle opprettingar og godkjenning. Kommunen må godkjenne ekspederinga innan 20. desember (helst så fort som mogleg).