Infoskriv nr. 9/2021 - uke 10

  • Endringar i fagsystemet Agros
  • Vi minner om kompetansesamlingane våre:
  • Grønsaksesongen har starta
  • Grøntnæringa er avhengig av kompetent arbeidskraft
  • Foredrag – Kompetansesamling om tilskot - SMIL, beiteområde, drenering og produksjonssvikt
  • Fagsystemet eStil-RMP er tilgjengeleg igjen
  • Nye representantar for kommunane i arbeidsgruppa for RMP
  • Fagsamling skog 17. mars
  • ØKS - Virkesdata/forsending 2021-3
  • Gårdskart-aktuelt 1/21
  • Kompetansesamling 'Klimamelding 2021 - 2030' for jordbruk og skogbruk
  • Informasjon til bonden
  • Jordvernpris 2021
Publisert 12.03.2021

Endringar i fagsystemet Agros

Vedlagt følgjer ei oppdatering om endringar i søknads- og saksbehandlarsystemet Agros og informasjon om dei nye brukarrettleiingane:

Les meir her


Vi minner om kompetansesamlingane våre:

  • Fagsamling skogbruk
    17. mars kl. 09:00 - 11:30
  • Næringsutvikling og omsetnad av grøntproduksjon
    18. mars kl. 09:00 - 12:00
  • Klimaplan 2021-2030 for jord- og skogbruk
    8. april kl. 09:00 - 11:30
  • Kantsoner i vassdrag
    15. april kl. 09:00 - 13:00
  • Lovsamling
    20. april kl. 09:00 - 11:00

Grønsaksesongen har starta

Langs kysten av Vestfold er det lange tradisjonar for tidleg produksjon av grønsaker. Allereie førre veke vart dei første gulrotfrøa sådde i Larvik.


Grøntnæringa er avhengig av kompetent arbeidskraft

Utanlandske sesongarbeidarar har delteke i frukt- og grøntnæringa i Noreg i meir enn 35 år. Sesongarbeidarane kjem tilbake til same arbeidsgivar år etter år, og næringa har vorte avhengig av deira kompetanse.


Foredrag – Kompetansesamling om tilskot - SMIL, beiteområde, drenering og produksjonssvikt

Dei fire foredraga som vart halde på samlinga 10. mars finst her


Fagsystemet eStil-RMP er tilgjengeleg igjen

Melding frå Landbruksdirektoratet: "Nå er vi ferdig med å forberede hovedutbetalingen og eStil er i normal drift. Utbetalingene skal være på kontoen til kundene 12.03.2021"


Nye representantar for kommunane i arbeidsgruppa for RMP

Det har meldt seg fem kandidatar til å representera kommunane i arbeidsgruppa for RMP (regionalt miljøprogram). 

Les meir her


Fagsamling skog 17. mars

Det er no mogleg å melda seg på kompetansesamlinga. Tema for samlinga er kvikkleire, skogsvegar og skredfare, skogsdrift og sporskadar.


ØKS - Virkesdata/forsending 2021-3

Virkesdata/ forsending 2021-3 er no klar for kontroll, eventuelle opprettingar og godkjenning. Kommunane må godkjenne ekspederinga innan 20. mars.

 


Gårdskart-aktuelt 1/21

Årets første utgåve av Gårdskart-aktuelt er ute på nettsida til NIBIO.


Kompetansesamling 'Klimamelding 2021 - 2030' for jordbruk og skogbruk

Hugs å melda dykk på kompetansesamlinga 8. april!


Informasjon til bonden

I dag blei eit nytt informasjonsskriv frå Statsforvaltaren sendt til bønder i Vestfold og Telemark.

Les meir her


Jordvernpris 2021

Vi ber om forslag til kandidatar frå Vestfold og Telemark til nasjonal jordvernpris for 2021. Frist er 25. mars.

Les meir her

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner