Areal ute av drift – oppstart i kommunane denne våren
Vi inviterer til samling 29. april kl. 12 – 14.00 om prosjektet Areal ute av drift og oppstart av registrering i kommunane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vi syner til satsinga om oppfølging av areal ute av drift i NIBIO sitt kartverktøy. Kommunane har ansvaret for å følgje opp at areal vert drive etter jordlova. Areal som kjem fram som utanfor drift må følgast opp. Kommunane er kjent med at Statsforvaltaren har arbeidd med eit verktøy saman med NIBIO for å klassifisere desse areala og gje naudsynt oppfølging for kommunane. Målet er at ein saman skal få betre kartleggingssystem og rettleiing for å arbeide i dei einskilde jordbruksområda.
Meir om påmelding og samlinga kjem etter påske, men vi ber dykk alle om å setje av dagen og tida til å registrere framover. Møte den 29.04 vil følgast opp med arbeidsmøte i kommunane med hjelp til å registrere og kome i gang med arbeidet. Vi treng innsats frå alle kommunane i dette arbeidet!