Avklaring ang produksjonstilskot og avlingsskadeerstatning i frukthagar med frostskade

Landbruksdirektoratet har nå avklart spørsmål knytte til handsaming av søknadar om produksjonstilskot og erstatning for avlingsskade frå fruktdyrkarar som har opplevd frostskade.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.06.2021

Arealgrunnlag for søknad om produksjonssvikt grunna klima

Areala som skal leggjast til grunn for søknad om produksjonssvikt i 2021, skal etter hovudregelen hentast frå skjema for søknad om produksjonstilskot 2021. Areal som var med i søknad om produksjonstilskot i 2020, og som er rydda på grunn av frostskaden som oppstod vinteren 2020/21, kan også reknast med i arealgrunnlaget for dei som søkjer erstatning for produksjonssvikt i 2021 og følgjeskade 2022.

 

Areal- og kulturlandskapstilskot

Normalt skal det vere tre i bakken for at eit areal ha rett til Areal- og kulturlandskapstilskot for frukt. Areal som er rydda på grunn av frostskaden som oppstod vinteren 2020/21, kan reknast med i søknad om AK-tilskot for frukt dersom det er teke forsvarlege grep for å reetablere fruktproduksjon på areala. Det vil seie, daude tre er fjerna og destruerte, reetablering av hagen er planlagt, og nye tre er bestilte.

 

Kommunen bør kontrollere alle areal med frostskade

Kommunen vert oppmoda til å kontrollere alle areal med frostskade på staden. Det vil sikre dyrkaren dokumentasjon for skaden og gi tyngde til vurderinga kommunen skal gjere av skadeårsak og skadeomfang.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner