Endring i forskrift om nydyrking

Endring av forskrifta vart fastsett av LMD 2. juni 2020. Den viktigaste endringa er at nydyrking av myr ikkje er tillaten, men kommunen kan gi dispensasjon for nydyrking av myr i særlege tilfelle.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.06.2020

Behovet til grunneigar for dyrka areal når det ikkje finst alternative areal, skal vektast mot klimabelastninga og naturverdiar ved oppdyrking når kommunen løyver dispensasjon for nydyrking av myr. Kommunen skal ferdiggodkjenne nydyrkingstiltaket og rapportera i KOSTRA når det er gitt dispensasjon for nydyrking av myr.

Landbruksdirektoratet har laga ein ny rettleiar nr. 1/2020 som ligg på nettsiden. Saksbehandling av dispensasjon for nydyrking av myr er vektlagt i rettleiaren.

Direktoratet har også fastsette endra søknadsskjema. Over jordbruksavtalen 2020 - 2021 er det sett av midlar for å utvikle ei løysing for søknad om godkjenning av nydyrking gjennom fagsystemet Agros. Skjemaet er førebels inntil søknadsprosessen blir digital. Det er derfor ikkje gjort store endringar i skjemaet.

Fylkesmannen bør få dispensasjonssaker til fråsegn (punkt 7.12). Rettleiaren omtaler ulike natur- og kulturlandskapsverdiar og problemstillingar rundt friluftsliv, kulturminne, kantvegetasjon, bekkelukkingar, fysiske tiltak i vassdrag og vassforskrifta. Regional kulturminnestyresmakt skal givast høve til å uttala seg i alle nydyrkingssaker (punkt 7.11.2).

Meir informasjon om forskrifta finst på nettsiden til LMD.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.