Meldingar om produksjonssvikt 2023
49 meldingar er registrerte i Agros. Meldingane bidreg til oversikt over situasjonen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Mange meldingar frå heile fylket
Dei 49 meldingane som er komne inn til no, er fordelt på 12 kommunar:
Kommune |
Tal meldingar |
Fyresdal |
4 |
Hjartdal |
1 |
Holmestrand |
5 |
Horten |
2 |
Kviteseid |
1 |
Larvik |
4 |
Midt-Telemark |
6 |
Nome |
1 |
Notodden |
11 |
Tokke |
3 |
Tønsberg |
6 |
Vinje |
5 |
Totalsum |
49 |
Kommunane må rettleie gardbrukarane
Kommunane, statsforvaltaren og Landbruksdirektoratet kan til ei kvar tid gå inn i Agros og orientere seg om meldingane.
Kommunane skal reise ut og kontrollere:
- 10 % av føretaka som har sendt melding om mogleg svikt i plantedyrking, og
- 50 % av føretaka som har sendt melding om mogleg svikt i honningproduksjon.
I og med at det ser ut til å kunne verte mange saker, er det viktig å få gardbrukarane til å nytte den nye rutina med å melde produksjonssvikt i Agros via Altinn.
Me oppmodar alle som er i kontakt med gardbrukarar; kommunar, NLR og faglaga, til å informere om den nye rutina. Om de finn det tenleg, må de gjerne lenke til saka på heimesida til statsforvaltaren (sjå til høgre).
Det finst døme på at gardbrukarar har sendt søknad i Elf, og med dette trudd at dei har meldt som dei skal. Det er fint om kommunen fylgjer med og ber gardbrukaren om sjølv å melde i Agros, eller at kommunen registrerer melding på vegna av gardbrukaren.
Statsforvaltaren jobbar saman med dei sentrale myndigheitene
Førre måndag inviterte Landbruksdirektoratet til ekstra møte for å følje situasjonen. Frå vår side vart det peika på at næringa treng tidleg og tydeleg informasjon om tiltak for å sikre grovfôr til dyra. Det vert også jobba med å tilpasse PT- og produksjonssviktregelverket.