Ny kartløysing for RMP-tiltak

GIS- rådgivaren vår, Knut Sindre Vale, har laga ei kartløysing for RMP-tiltaka i 2019. Lenke til kartløysinga er lagt til høgre på nettsida for kommunal landbruksforvaltning. Kartløysinga er passordbeskytta. Felles brukarnamn og passord blir sende i ein e-post til kontaktpersonane for RMP i kommunane. Brukarrettleiing ligg til høgre i kartet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.06.2020

Vi kjem til å arrangera eit Teamsmøte i august der vi viser moglegheitene som kartløysinga gir. Kartet gir god oversikt over dei ulike miljøtiltaka – på den enkelte eigedommen, grenda og kommunen.

Som de kjenner til, så endrar de ikkje kartfigurane som søkar har teikna, i saksbehandlinga. De endrar berre tala som er overførte frå karta til søknadsskjemaet. Det vil seia at kartet viser det som er omsøkt og ikkje det som er godkjent. Det er ei av årsakene til at kartet ikkje blir lagt ope ut på nettsida vår.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner