Produksjonstilskotsfristar i januar og februar
Søkjarane kan gjere dei siste etterregistreringane, kommunane skal fatte endeleg vedtak.
Publisert 04.01.2024
Fram til 10.01 kan søkjarane logge seg inn og etterregistrere
- avløysarutgifter som føretaket har hatt etter 15. oktober
- dyr som er sanka frå utmarksbeite etter 15. oktober
- livdyr av kylling og kalkun som er seld etter 15. oktober
- rugeegg som er levert til rugeri etter 15. oktober
- frukt, bær og veksthusgrønsaker og salat på friland selt etter 15. oktober
19.01 er siste frist for sakshandsamar i kommunen til å sette søknad til førebels godkjent/ avvist/avslått. Søknadar som vert førebels godkjende etter 19.01, kan få tilskotet betalt ut etter hovudutbetalinga (14.02)
04.02 er siste frist for godkjennar i kommunen til å endeleg godkjenne søknaden. Søknadar som vert endeleg godkjende etter 04.02, kan få tilskotet betalt ut etter hovudutbetalinga (14.02)