Utlysing av midlar i Fjellandbrukskommunane til registrering av Areal ute av drift

Det lysast ut midlar til å registrere innanfor Fjellandbrukskommunane; Tinn, Hjartdal, Seljord, Tokke, Vinje og Fyresdal. Søknadsfrist er sett til 15. september 2021.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.08.2021

Vi syner til satsinga på areal ute av drift og registrering i kommunane. Arbeidet er no inne i ei viktig fase i haust kor registreringa dannar bakgrunn for arbeid med oppfølging og analyser vidare. Vi ser at kommunane har kome ulikt i gong med arbeidet, og vi følger opp målet om ei god dekning på registrering av jordbruksområde i fylket. Utgangspunktet for satsinga var arealbruken i fjellkommunane og vi ser at det varierer kor mykje kommunane har registeret her. Kunnskapsgrunnlaget er difor framleis viktig å få på plass i arbeidet med oppfølging vidare, og vi ser at fjellkommunane er viktige å få meir kunnskap om.

 

Det lysast ut midlar til å registrere innanfor Fjellandbrukskommunane; Tinn, Hjartdal, Seljord, Tokke, Vinje og Fyresdal. Det er sett av 200 000 kr. Dette er Fjellandbruksmiddel som er øyremerka desse kommunane, kor målet er å få meir kunnskap om ressursgrunnlaget i fjellbygdene. Kommunar kan ikkje søkje i etterkant av arbeidet, det må vere nye oppgåver knytt til registreringa.

 

Midla vert prioritert etter søknad. Det må greiast ut korleis kommunen vil gjennomføre, omfang på oppdraget og oppfølging. Det må gjerast ei utrekning på timeverk og gjennomføring. Dei søknadane som viser høgast gjennomføringsgrad og kvalitet prioriterast. Midla kan ikkje nyttast til ordinær drift i kommunen, men gå inn som ein ekstra innsats for å registrere i satsinga Areal ute av drift denne hausten. Det er kommunen som er oppdragsgjevar for arbeidet.

Søknadsfrist er sett til 15. september 2021.

Frist for gjennomføring av arbeidet er 1. desember 2021

Ta kontakt om dykk har spørsmål!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.