Viktig informasjon til kommunal landbruksforvalting

Informasjon sendt på e-post til kommunane i dag.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.03.2020

Grøntsektor

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har motteken fleire bekymringsmeldingar med omsyn til komande vekstsesong for grønnsaker, frukt og bær. Nokon av dei store spørsmåla er bekymring rundt sesongarbeidarar frå utlandet og import av mellom anna plantar til produksjon. Til slutt stilles det også fleire spørsmål kva økonomiske og skattemessige tiltak som blir stilt til rådigheit for jordbruket i denne usikre tida på alle måtar. Produsentane avgjer i desse dagar kva val dei skal ta, kva risiko dei kan ta og kva utsikter sentrale myndighetar legg opp til. Fylkesmannen i Vestfold og Telemark følgjer saka tett og melder utfordringane vidare til dei aktuelle departementa og direktorat.

Avløysing husdyr

Landbruksdirektør Helge Nymoen har hatt kontakt med avløysarlaga i Vestfold og Telemark. Dei vurderer å ha eit godt hjelpeapparat om sjukdomsbiletet vil forsterke seg dei komande vekene. Samla sett disponerer dei to laga 7 landbruksvikarar, fylket har fleire titals avløysarar på fulltid og nokre hundre som avløyser i husdyrbruket gjennom ferie, fritid og ved sjukdom. Begge signaliserer stor vilje og fleksibilitet for å avhjelpe om situasjonen skulle endre seg vesentleg framover. Kan også nemne at det ikkje er lagt restriksjonar på å arbeide i husdyrbruket om ein er smitta med Covid 19 og kjenner seg i stand til det. Veterinærinstittuttet har bede om at bønder som har «matproduserande» (mjølkeproduksjon) dyr utviser spesiell varsomet eller avstår frå fjøsarbeid.

Tenestene til landbruksavdelinga

Dei tilsette på landbruksavdelinga jobbar heimefrå. Heimefrå har vi alle tilgangane til fagsystemer, felles arkivområde og arkivsystemet for post. De når oss på vanleg telefonnummer då vi bruker Skype og får telefonsamtalane inn på PC heime. Det vil seia at alle funksjonane våre skal vera oppe. Ingen av oss har heldigvis vorte sjuke.

Tenestene til landbrukskontora

Vi vil gjerne ha ei tilbakemelding frå alle landbrukskontora på korleis status er på landbrukskontoret i kommunen, særleg viss de har problem med å svara på førespurnader frå bøndene.

Infoskriv frå Fylkesmannen

Vi har tenkt å senda ut eit infoskriv til bøndene på fredag denne veka, då vi trur informasjonsbehovet er stort.

Vi vil gjerne ha innspel frå de på kva vi bør informera om i dette skrivet. I tillegg kan det vera behov for informasjon frå kommunen som de sender ut sjølv – før eller etter det felles informasjonsskrivet frå oss. Kom med innspella så fort som mogleg!

Informasjon til kommunal landbruksforvalting

Informasjon legges jamleg ut her, så følg med: https://www.fylkesmannen.no/vestfold-og-telemark/landbruk-og-mat/landbruksforvaltning/

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.