Ekstra skogfond 2023
Skogeigar som ønskjer å innbetala ekstra skogfond for 2023 må rapportera elektronisk i Altinn innan 5. januar 2024. Faktura blir utsend 7. januar, og innbetalinga vil bli bokført på kontoutskrifta for året 2023.
Publisert 08.12.2023
Om skogeigar ikkje rekk fristen i starten av januar, har han/ho framleis moglegheit til å setja av skogfond fram til 6. februar 2024. Men merk at innbetalinga i februar vil komma på kontoutskrifta for året 2024.