Foryngingskontroll 2021 - kommunalt ansvar
I år er det 196 skogeigarar i Vestfold og Telemark på lista med granhogst over 250 m3 i 2017 med under 1 000 plantar registrerte i etterkant. For desse felta skal kommunen sjekka stoda. I år er det delvis nye rutinar:
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Om skogeigaren ikkje svarer etter purring på eigenmeldingsskjemaet, eller svaret ikkje er tilfredsstillande, skal kommunen kontrollere felta utan å vente på tilbakemeldingar frå skogeigaren.
Saker som ikkje vart ferdige tidlegare år må dei aktuelle kommunane jobba vidare med og prøva å få avslutta.
Landbruksdirektoratet skriv at om kommunen si kontroll er mangelfull, bør det bli vurdert om det skal få konsekvensar for tildeling av økonomiske verkemiddel på skogområdet.
Fristar 2021
- 15. april: Eigenmeldingsskjema sendt til skogeigarane (om kommunen ikkje kjenner saka)
- 15. mai: Registrering av svar i ØKS og ev. purring til skogeigarar som ikkje har svart
- 15. oktober: Kontroll av aktuelle felt
Meir informasjon kan ein finne i fagsystemet ØKS.