Vedlagt følgjer ei oversikt over oppgåver som må utførast i ØKS:
1. Siste frist for føring av saker med tilskot
|
- Fredag 3. desember er siste frist for å godkjenna tilskot i ØKS.
- Det er berre dei kommunane som har tilgjengelege tilskotsmiddel som kan føra saker med tilskot.
|
2. Godkjenn VSOP/forsendelse
|
- VSOP er klar i ØKS 9. desember og må godkjennast innan måndag 20. desember (aller helst før!)
|
3. Kontovedlikehald
|
- Kommunane må gå gjennom skogfondskontoane og oppdatere dei i forhold til eigarskifte, dødsfall m.m.
- Det er ikkje lov å ha ein annan eigar i ØKS enn den som er tinglyste eigar på eigedommen. Sjekk matrikkelen.
- Sjå ØKS --> Vedlikehald --> Skogfondskonto og søk på kategori Alle.
|
4. Utbetal frå skogfondskonto for skogar under 10 dekar
|
- Saldo skal vere null ved overgang til nytt år (med mindre det kjem inn midlar så seint at dette ikkje er mogeleg).
- For å få oversikt, gå til ØKS --> Vedlikehald --> Finn konto --> søk på kontonummer 9899 (eller det kontonummeret dei bruker).
- Bruk "kode 700 Tilbakebetalt"
|
5. Utbetal tilskot i saldo
|
- Tilskot i saldo skal utbetalast før årsskiftet.
- For å sjå kven som kan ha tilskot i saldo går de inn i ØKS --> Rapporter --> Regnskap --> 54. Tilskot i saldo.
- Ved utbetaling skal ein bruke same kode som blei brukt ved innbetaling
|
6. Gjennomgå tiltak med kostnad utanfor rimeleghetsverdiane
|
- ØKS-rapport nr. 1 under Regnskapsanalyse blir brukt.
- Postar med feil skal rettast opp, ta kontakt med Statsforvalteren.
|
7. Skogfond --> Innboks --> Alle under behandling i ØKS: |
- Gå igjennom alle registrerte krav, slett dei som ikkje skal utbetalast.
- Denne lista bør vera tom ved overgang til nytt år.
|
8. Siste frist for utbetaling av skogfond i ØKS |
- Måndag 20. desember er siste dag for utbetaling av skogfond (utan tilskot)
|
Endring i Landbruksregisteret er det Miriam Himberg som ordnar.
Er det noko de lurer på så ta kontakt med Inger Sofie eller Miriam. Bruk gjerne e-postadressa fmvtskogfond@statsforvalteren.no som begge to har tilgang til.