Status kontoutskrift skogfond 2021

Statsforvaltaren har no sendt kontoutskriftene for skogfond til Altinn, men dei som har feila ved sending skal kommunen senda ut sjølv. Les forklaringa nedst FØR de skriv dei ut.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.01.2022

Tal

I år er det totalt 10 098 kontoutskrifter i Vestfold og Telemark (53 færre enn i fjor):
• 8 803 av desse er sendt ut til skogeigarar via Altinn.
• Dei resterande kontoutskriftene (13 % av totalen), må de i kommunen senda ut sjølv.

FØR de sender ut kontoutskriftene:

• Bruk rapport 43. Adresseliste INTERN (ØKS -->Rapporter -->Rapporter -->Regnskap)
• Filtrar rapporten på kva kontoar som er merka som dødsbu.
• De får då ei oversyn slik at de unngår å senda til ein person som er død, men der namnet ikkje er endra til «dødsbu/bu».

Korleis skal kommunane senda ut kontoutskriftene?

• ØKS --> Rapporter --> Kontoutskrift 
• De kan velja om de vil senda til alle eller berre dei med bevegelse i 2021:

• Utskriftval: Viktig å velja «Alle med feil ved sending til Altinn»
• Oppgi e-postadressa di nedst, huk av for «send rapport-link på e-post»
• Skriv som PDF
• VIKTIG: Skriv ut kontoutskriftene EINSIDIG!!

 

Ta kontakt dersom de har spørsmål.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner