Viktig informasjon om skogfondet for nytt år

Her kjem informasjon om skogfond på nyåret:

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.01.2022

Skogfondssystemet er no klart slik at de kan føra refusjonskrav i ØKS, men:
•  Vent med saker med tilskot til vi har bytt rekneskapsår (etter 31.jan).

•  Utbetaling frå rentemiddel kan ikkje utbetalast før rentemiddelbudsjettet til den enkelte kommunen er godkjent.

Virkesdata/forsending 2022-1 er klar for godkjenning i ØKS
• Vi ønsker at de godkjenner sendingane så fort som mogleg. Vi får ikkje bytt rekneskapsår før alle kommunane har godkjent.
• ØKS -->Virkesdata -->Forsendelse --> Søk

Kontovedlikehald
• Kontovedlikehald må vera på plass før utsending av kontoutskrifter. ØKS --> vedlikehald --> Skogfondskonto --> Søk

• Ta kontakt med Inger Sofie eller Miriam på fmvtskogfond@statsforvalteren.no dersom de treng hjelp til å endra eigedom eller anna.

Kontoutskriftene vil bli sendt elektronisk frå Altinn
• Den elektroniske utsendinga gjer Statsforvaltaren når årsoppgjeret er ferdig (siste frist 31. jan).
• Kontoutskrifter som IKKJE kan sendast til Altinn, skal sendast per brev av kommunen. De vil få nærare beskjed om korleis dette skal gjerast.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner