Lansering av ny nasjonal strategi for urbant landbruk – «Dyrk byer og tettsteder» - verktøy for auka berekraft
Tysdag 9. februar lanserer Landbruks- og matdepartementet regjeringa sin nye nasjonale strategi for urbant landbruk «Dyrk byer og tettsteder». Statsforvaltaren vil bidraga til å gjere strategien kjent slik at den generelt kan bli eit verktøy for auka berekraft, samt byggje kunnskap kring matproduksjon og dei store samanhengane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Regjeringa ynskjer med strategien å leggje til rette for urbant landbruk gjennom samarbeid på tvers av sektorar. Dei siste ti åra er en rekke lokale og regionale initiativ innan urbant landbruk satt i gang. Stadig fleire ynskjer kontakt med jorda og oppdagar gleda ved å dyrke eigen mat. Dette bidreg til inovasjonar og framvekst av nye møteplassar og samarbeid. Initiativa takast ofte på grasrotnivå og den sosiale kapitalen som her frigjerast, vitaliserer både på individ- og prosessnivå.
Alt tydar på at dette gjer urbant landbruket er eit effektivt verktøy for å kunne lukkast med å skape meir berekraft i samfunnet. Internasjonalt peikar FAO på at urbant landbruk er ein del av løysinga for å komme i møte den auka etterspurnaden etter mat, samt omsyn til klima. I Sverige peikast det på at urbant landbruk kan vere eit arbeidsverktøy for å nå heile 12 av FN sine 17 berekraftmål.
For byane byggjer urbant landbruk attraksjonskraft og sikrar tilpassing til klimaendringar. For landbruket er det en unik moglegheit for dialog og omdømmebygging. Generelt bidreg det til nye arenaer for læring, innovasjon, inkludering og folkehelse. I eit globalt perspektiv er beredskapsverdien også av stor verdi.
Regjeringa har valt tre innsatsområde; berekraftig by og stadutvikling, auka kunnskap om berekraftig matproduksjon og auka berekraftig verdiskaping og næringsutvikling.
Strategien er forankra og utarbeida på tvers av departement; - Landbruks og matdepartementet i samarbeid med Kommunal og moderniseringsdepartementet, Klima og miljødepartementet, Arbeids og sosialdepartementet, Helse og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Statsforvaltaren sitt nasjonale nettverk for urbant landbruk har gitt innspel og råd i prosessen. Neste fase blir å invitere til dialog om korleis vi i Vestfold og Telemark kan utvikle urbant landbruk i tråd med strategien og korleis vi saman, på tvers av fagmiljø og organisasjonar, kan skape nye aktivitetar og arenaer for auka berekraft.
I lys av den nasjonale strategien gav Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i haust ut ein rettleiar i urbant landbruk. Ambisjonen er at rettleiaren kan gi kommunar med fleir, idéar og innspel på gode og betre heilskapsløysingar, oppmoda og stimulera til tverrfagleg samarbeid, og langsiktige løysingar.
Bilde: Tonje Bergh
Kontaktpersoner
-
Ellen Dagsrud
Tlf: 35 58 62 63 / 90 12 60 02 -
Kari Mette Holm
Tlf: 33 37 23 67 / 99 74 42 06