Landbruksplast på avvege
- et opphav til forureining og dårleg omdømme for næringa.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vi oppmodar alle bønder til å ta ei runde på garden og rydde opp i og fjerne plast på avvege.
Felleskjøpet tilbyr seg i år å hente gamal, brukt plast på garden slik at transporten til godkjent mottak blir enklare for bonden.
Landbruket er ein storbrukar av plast: rundballeplast, fiberduk, solfangarfolie, hardplast til ulike kanner m.m. Landbruksnæringa er flinke til å samle inn plast og resirkulere den, og det er gratis retur av landbruksplast til avfallsstasjonar som har avtale med grønt Punkt. Likevel finn ein kvart år plast frå landbruket på avvege i vassdrag og ute i naturen. Ei nyleg undersøking av førekomst av plast i norske elver på Vestlandet i regi av Norce (Norwegian Research Centre), synte at 70% av all plast funne i elvene kom frå rundballeplast frå landbruket. Kvart år kjøper landbruket meir enn 13 000 tonn plastemballasje. Noregs Bondelag fortel at heile 86% av landbruksplasten som vert bruka i 2019, vert sirkulert. Vi er i verdstoppen på innsamling og gjenvinning av landbruksplast. Samstundes er bruken av plast så høgt at sjølv mindre del av plast på avvege gjev forureining og dårleg omdømme for næringa.
Landbruksplast er næringsavfall og skal leverast til godkjent mottak. Det er mange godkjente leveringsstader for landbruksplast i Noreg. Innsamlarane har ei avtale med Grønt Punkt Noreg om levering av landbruksplast og har forplikta seg til å ta i mot ferdig sortera landbruksplast utan ekstra betaling. Betalinga ligg allereie i ei miljøavgift som bøndene betalar pr kilo når dei kjøper plast. Sjølv om det er mange avfallsstasjonar som tek i mot plasten vederlagsfritt, kan det vere lang veg frå bonden til avfallsstasjonen. Det er derfor eit mål at plasten kan leverast fleire stader i framtida, og at det opprettast leveringsmottak også i meir grisgrendte område.
Kassera rundball med nett. Foto Marita Bruun
I år er det hjelp å få med å transportere landbruksplasten frå garden til avfallsstasjonen. Felleskjøpet fortset med innsamling av landbruksplast frå den einskilde gard i 2021, og no gjeld ordninga for heile Vestfold og Telemark. I staden for at bonden må køyre til avfallsstasjonen, kan transportørar frå Felleskjøpet samle inn landbruksplasten når dei likevel er i området for å levere gjødsel eller andre driftsmidlar.
I denne omgangen er det rundballeplast som ordninga gjeld for. Plasten som leverast må berre innehalde rundballeplast, plasten må vere pressa ved hjelp av ei mekanisk presse til firkant-ballar og den må vere rista rein for bøss og subb. Målet er at ein framover vil sjå på løysingar for all type plast frå garden. Det er naudsynt at plasten lagrast lett tilgjengeleg for lasting og på ei pall eller anna underlag som sikrar at plasten kjem opp frå bakken. Bonden må sjølv laste plasten på bilen som kjem.
Målet er at dette skal bli enklare for bonden, mindre plast som kjem på avvege og at ein skal sørge for gjenvinning av landbruksplasten til nye produkt. Sjå her for meir informasjon om ordninga.
Vi håper at også den kommunale landbruksforvaltninga kan gjere tilbodet om henting av plast på garden kjent for gardbrukarane. Det er etablera ei god ordning både for transport og levering av plast, og det er viktig for omdømmet at landbruksnæringa tek dette på alvor. Det å finne plast i bekkar og vassdrag etter flaum, på beiter etter tilleggsfôring med rundballar eller å sjå plastremser hengande i trær etter sterk vind, gjev ei dårleg oppleving og dermed dårleg omdømme for landbruksnæringa.
Rundball. Foto: Marita Bruun