Nasjonal kulturlandskapspris
Du kan nå kome med forslag til kandidatar til Den nasjonale kulturlandskapsprisen for 2021. Kandidatane må ha gjort ein spesiell innsats for å take vare på og utvikle kulturlandskapa våre.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kandidatane verte vurdert etter bestemte kriterium og hensikta er å auke kunnskapsnivået om verdiar, utfordringar og kva for moglegheiter det ligg i desse landskapa. Dei utvalde kulturlandskapa representerer nokre av våre verdifulle kulturlandskap, men kulturlandskap verte forma der menneske, bruk og dyr har eksistert i lang tid og vi finn mange gode eksempel. Vi må vise dei fram! Gjennom lang tids bruk og tradisjonelle driftsmetodar i landbruket finn vi ofte rike naturverdiar og kulturminne i desse landskapa. Vi oppmodar difor om å sjå etter kandidatar i bygd og grender der det er gjort ein ekstra innsats for å take vare på desse landskapa. Sjå vedlagte brev med kriterium for å melde inn kandidatar.
Det er Norsk kulturarv som delar ut prisen, og Landbruks- og matminister er juryleiar.
Frist til å melde inn kandidatar er 1. mai 2021 på vedlagte skjema til post@kulturarv.no
Ta gjerne kontakt med landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark for å vurdere innspel i framkant!