Rettleiaren for smittevern for grøntprodusentar er oppdatera, ei påminning nå som våren kjem
Rettleiaren skal bidra til at arbeidstakarane på gardsbruka held seg friske og at produksjon av mat kan oppretthaldast og skjer på sikker måte.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er Mattilsynet med samarbeidspartnarar som står bak rettleiaren og som har oppdatera denne. I rettleiaren finn ein råd og informasjon og smittevern, inkludera ei sjekkliste for godt smittevern i produksjonen av frukt, bær, grønsaker og potet. Rettleiaren er ikkje rettsleg bindande. Det er smittevernreglar frå helsemyndigheitene som gjeld om ein er i tvil om råda. Det er tre viktige tiltak for å bremse smitte av sjukdomen covid-19:
- Sjuke personar skal ikkje vere fysisk til stade på arbeid
- God hygiene
- Mindre kontakt mellom personar
Oppdateringa i den nyaste versjonen av rettleiaren gjeld ulike karantenekrav, testing og anbefalingar knyt til sjølvplukk og sal frå bodar. Som arbeidsgjevar har ein ansvaret for smittevern og at drift skjer i samsvar med gjeldande lover og regelverk. Det er derfor naudsynt at du som arbeidsgjevar risikovurderer arbeidsmiljøet og moglegheita for smitte. Basera på risikovurderinga, må ein lage tiltaksplan og iverksette tiltak for å hindre smittespreiing i verksemda. Bruk denne lenka til å lese meir om rettleiaren og innhaldet.