Granborkbiller – rapport frå overvakinga 2021
NIBIO har publisert rapporten «Granbarkbillen – Registrering av bestandsstørrelsene i 2021». Rapporten kan de laste ned her.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det har vore auke av granborkbiller i 11 av 12 fylker (gammal inndeling) frå 2020 til 2021. Auken har vore størst i Vestfold, og i 2021 var det over 20 000 biller per felle i snitt. Vestfold er òg det området som har mest tørke- og borkbilleskader i år.
I diskusjonen i rapporten (kapittel 4) står det interessante betraktningar om kvifor skadane er større i Vestfold og Telemark enn andre stadar i landet, og om korleis skadane spreier seg geografisk.
Sjå òg NIBIO si nettside om borkbilleovervakinga, kor det mellom anna er forklaringar til kartlaga om borkbiller i Skogportalen i kartløysinga Kilden.