Forskriftsregulerte bransjar

Ulike bransjar er regulert i kapittel 10, 24, 26, 27, 28, 29, 30 og 33 i forureiningsforskrifta.  Dette inneber at verksemder innan disse bransjane ikkje treng eige løyve, men kan drive lovleg innanfor forskriftas krav og plikter.

Statsforvaltaren kan likevel vurdere at det er behov for å gi løyve med tilhøyrande vilkår dersom forureiningsmessige forhold på staden ikkje blir godt nok tatt vare på gjennom forskrifta aleine

Krematorium (kap. 10)

Utslepp frå krematorium er regulert av kapittel 10 i forureiningsforskrifta.

Krematorium blir delt inn i to kategoriar:

  • kategori I: krematorium med 200 eller fleire kremasjonar per år
  • kategori II: krematorium med mindre enn 200 kremasjonar per år

Forskrifta stiller blant anna krav til:

  • utsleppsgrenser
  • forbrenningstemperatur
  • skorsteinshøgde
  • utslepp av røykgass

Krematorium i kategori I skal rapportere resultat frå utsleppsmålingar til Statsforvaltaren innan 1. mars kvart år.

 For at krematoriet skal være lovleg etter kapittel 10, skal verksemda seinast innan ein månad etter oppstart sende ei melding med opplysningar om krematoriet til Statsforvaltaren.

Asfaltverk (kap. 24)

Kapittel 24 omfattar stasjonære og mobile asfaltverk med ein produksjonskapasitet på inntil 200 tonn vegmasse pr. time. Større anlegg må ha eige løyve.  Anlegg med produksjon på same stad i inntil 2 år vert rekna som mobilt asfaltverk. 

Forskrifta stiller blant anna krav til:

  • plassering i forhold til næraste bygningar
  • plikt til å hindre støvflukt og luktulemper
  • reinsing og utslepp av avgassar
  • støygrenser
  • journalføring

Anlegg skal i god tid før oppstart eller produksjonsendring sende inn utfylt meldeskjema til Statsforvaltaren. Du finn skjemaet til høgre på denne sida.

Fiskeforedlingsverksemder (kap. 26)

Kapittel 26 gjeld for verksemder som slaktar eller foredlar fisk, skjell, blautdyr og skaldyr, som har utslepp til sjø og bruker 50 tonn råstoff eller meir per år.

Verksemder som produserer meir enn 75 tonn ferdig produkt i døgnet må ha eige løyve. Kapittel 26 gjeld heller ikkje for bedrifter som produserer fiskeolje, fiskemjøl eller fiskefôr.

 Forskrifta stiller blant anna krav om:

  • reinseanlegg for prosessutsleppsvann
  • plikt til å redusere sjenerande lukt
  • journalføring

Anlegg skal i god tid før oppstart eller produksjonsendring sende inn utfylt meldeskjema til Statsforvaltaren. Du finn skjemaet til høgre på denne sida.

Forbrenningsanlegg for rene brensler (kap. 27)

Kapittel 27 gjeld for forbrenningsanlegg/fyringseiningar basert på reine brensel med nominell tilført termisk effekt frå 1 MW og inntil 50 MW. Anlegg med høgare effekt må ha eige løyve.

Forskrifta stiller blant anna krav til:

  • brensel
  • utsleppsgrenser
  • skorsteinshøgde
  • journalføring

Anlegg skal i god tid før oppstart eller produksjonsendring sende inn utfylt meldeskjema til Statsforvaltaren. Du finn skjemaet til høgre på denne sida.

Miljødirektoratet har utarbeida faktaarket «Forbrenningsanlegg for rene brensler» (M-168|2014).

Kjemisk/elektrolytisk overflatebehandling (kap. 28)

Kapittel 28 gjeld for verksemder med kjemisk/elektrolytisk overflatebehandling med ei avløpsvassmengd på under 100 m³/døgn og/eller verksemder der totalvolumet av prosessbada er mindre enn eller lik 30 m³. Større verksemder må ha eige løyve.

Forskrifta stiller blant anna krav til:

  • utsleppsgrenser
  • lagring/sikring/merking av prosessbad
  • kjemikaliar
  • avfall
  • journalføring

Anlegg skal i god tid før oppstart eller produksjonsendring sende inn utfylt meldeskjema til Statsforvaltaren. Du finn skjemaet til høgre på denne sida. 

Miljødirektoratet har utarbeida faktaarket «Miljøkrav for virksomheter som driver med kjemisk/elektrolytisk overflatebehandling» (M-1349|2019). Oppsummering frå nasjonal tilsynsaksjon ved bransjen galvano i 2019, kan du finne i M-1499|2019.

Mekanisk overflatebehandling (kap. 29)

Kapittel 29 gjeld for mekanisk overflatebehandling av metallkonstruksjonar samt vedlikehald og reparasjonar av metallkonstruksjonar knytte til faste anlegg/installasjonar, inkludert skipsverft.

Verksemder som har ein forbrukskapasitet på over 150 kg/time eller over 200 tonn/år av innsatsstoffar til overflatebehandling som er basert på organiske løysemiddel, må ha eige løyve frå Miljødirektoratet. Kapittel 29 gjelder ikkje på kontinentalsokkelen.

Forskrifta stiller blant anna krav til:

  • tiltak
  • utsleppsgrenser
  • støy
  • journalføring

Anlegg skal i god tid før oppstart eller produksjonsendring sende inn utfylt meldeskjema til Statsforvaltaren. Du finn skjemaet til høgre på denne sida.

Produksjon av pukk, grus, sand og singel (kap. 30)

Kapittel 30 gjeld for midlertidige/mobile og stasjonære knuseverk og siktestasjonar som produserer pukk, grus, sand og singel. Anlegg med produksjon på same stad i inntil 1år vert rekna som mobil verksemd.   

Forskrifta stiller blant anna krav til:

  • skjerming
  • tiltak
  • utsleppsgrenser
  • støy
  • journalføring

Verksemder, både stasjonære og midlertidige/mobile skal i god tid før oppstart av nye anlegg eller utvidingar/endringar sende utfylt skjema til Statsforvaltaren. Du finn skjemaet til høgre på denne sida.

Miljødirektoratet har utarbeida rettleiaren «Miljøveileder for pukkverk» (M-1136|2018). Oppsummering frå nasjonal tilsynsaksjon ved pukkverk i 2018, kan du finne i M-1151|2018.

Produksjon av fabrikkbetong og betongelement (kap. 33)

Kapittel 33 gjeld verksemder som produserer fabrikkbetong, betongvarer og betongelement, men gjeld ikkje utslepp frå produksjon av ferdigbetong på byggeplass o.l. eller for mottak av betongavfall.

Føresegna set ei rekkje krav til verksemdene bl.a. om:

  • Utslepp til vatn
  • Målingar og måleprogram
  • Handtering av betongavfall
  • Journalføring av dokumentasjon
  • Meldeplikt til Statsforvaltaren

Verksemder som produserer fabrikkbetong, betongvarer og betongelement skal i god tid før oppstart av nye anlegg eller utvidingar/endringar sende melding til Statsforvaltaren. Du finn skjemaet til høgre på denne sida.

Den ansvarlege for eksisterande verksemd som omfattast av dette kapittelet, skal sende melding til Statsforvaltaren innan eitt år etter at dette kapittelet trer i kraft, dvs. innan 01.01.24. Du finn skjemaet til høgre på denne sida.

For eksisterande verksemder gjeld ikkje krava i § 33 -5 om grenseverdiar for tungmetall og suspendert stoff, samt § 33 – 6 om pH -verdi i utslepp av prosessavlaupsvatn før 01.01.2026 jf. overgangsføresegnene i § 33 -18.

 

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Meldeskjema

Skjema for melding til Statsforvaltaren ligg under bokstaven «M» i skjemaoversikten.

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding