Tilsynsaksjon - Behandling av EE-avfall
Miljødirektoratet og Statsforvaltaren gjennomfører no ein tilsynsaksjon hos behandlingsanlegg for EE- og metallavfall i alle fylke. Aksjonen er ein del av arbeidet for å hindre at EE-avfall blir handtert ulovleg og hamnar på avvegar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Nordmenn er i verdstoppen når det gjeld forbruk av elektriske og elektroniske produkt. Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) som ikkje blir samla inn og handtert forsvarleg, kan føre til helseskade der det hamnar og at miljø- og helsefarlege stoff lek ut og forureinar naturen.
I tilsynsaksjonen skal vi kontrollere om EE-avfallet blir sortert frå anna avfall og behandla riktig. EE-avfall skal behandlast separat frå anna avfall for å sikre at farlege stoff blir trygt fjerna og behandla. Resten av materialane i EE-avfallet blir i stor grad brukt på nytt for å utnytta ressursane.
Uforsvarleg og ulovleg behandling av EE-avfall kan i tillegg til fare for helse og miljøskade, utkonkurrera verksemder som følgjer regelverket og handterer avfallet på riktig og miljømessig god måte.
Alle typar anlegg som handterar EE-avfall blir kontrollert
Både anlegg som har særskild løyve til å ta i mot og behandle EE-avfall, og dei som ikkje har eit slik løyve, blir kontrollert. Vi har mistanke om at det er fleire anlegg som ikkje har særskild løyve, men som likevel tek i mot EE-avfall for behandling. Eksempel på anlegg både med og utan løyve kan vere metallmottak, fragmenteringsanlegg, bilopphoggarar og skraphandlarar.
Mellom 50 og 100 anlegg over heile landet blir kontrollerte i oktober og november.
Dei anlegga som ulovleg behandlar EE-avfall må sørgje for at dei etterlever reglane, og der vi avdekkjer alvorlege tilfelle vil vi vurdere politimelding.
Lenker
Kontakt oss
Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding