Gledeleg nyheit om klimaarbeidet
Miljødirektoratet har fått inn 331 søknader frå kommunar og fylkeskommunar som ønsker å kutte utslepp av klimagassar. Heile 38 av desse kjem frå vårt fylke, som er ein solid 2. plass på landsbasis.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Klimasats tildeler i år 100 millionar kroner til prosjekt for å redusere utsleppet av klimagassar, derav søknader frå Vestfold og Telemark utgjer ca. 22 millionar. Klimasats-søknadene fordeler seg på følgjande tiltakstypar:
- Klimavennleg areal- og transportplanlegging
- Systematisk arbeid med klimakrav i innkjøp
- Meirkostnader ved investering i utsleppsfrie og biogassdrevne maskiner og køyretøy
- Klimavennlege bygg og anlegg
- Kartlegge moglege klimatiltak i bygge- og anleggsarbeid
- Transporttiltak
- Ladepunkt til kommunale tenestebilar
- Forprosjekt for klimagassreduserende tiltak
- Interkommunale nettverk
- Meirkostnader
- Andre tiltak
Miljødirektoratet vil i løpet av dei neste vekene gå i gang med å vurdera dei innkomne søknadane. Statsforvaltaren blir inkludert i vurderingane, særleg på søknadar som gjeld ei klimavennleg areal- og transportplanlegging. Under vurderingane leggjast det mellom anna vekt på potensialet for utsleppsreduksjonar, om tiltaka er innovative og ambisiøse og vi vurderer overføringsverdien til andre kommunar. Prosjekta som gis støtte må vera politisk forankra i kommunen, og dei må sjølv bidra med eigeninnsats. Endeleg beskjed om mogleg tildeling av støtte er venta medio juni.
Vi ønsker lykke til under utvalsrunden, og vil gi honnør til alle som har søkt og prioriterer dette viktige arbeidet! Alle søknadene er tilgjengeleg i artikkelen her.