Løyve til å fjerne molo – Brygga på Dalen i Tokke
Tokke kommune har fått løyve til tiltak i Bandak for å kunne erstatte molo med flytebrygge.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statsforvaltaren har behandla søknad om løyve til verksemd etter forureiningslova.
Tokke kommune søkte 21.09.2021 om løyve etter forureiningslova til å mudre 3 000 m3 innafor eit areal på 1 000 m2 for å fjerne moloen ved brygga på Dalen i Tokke kommune. Massane er søkt brukt til å etablere parkeringsplass og leggeplass for tømmer ved Fv 450 i Skafsåberget og til masseutskifting på kommunal veg. Statsforvaltaren har vedtatt løyve på visse vilkår.
Vedtaket kan klagast på av parter i saka og andre med rettsleg klageinteresse.
Eventuell klage må ein grunngi, merke 2021/8549 og sende innan 20.04.2022 til:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no
Kontakt oss
Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding