Løyve til utfylling og peling – Moloveien i Horten
Asko Maritime AS har fått løyve til utfylling og peling for å etablere ny kai for elektriske droneskip.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statsforvaltaren har behandla søknad om løyve til verksemd etter forureiningslova.
Norconsult AS, på vegne av Asko Maritime AS, søkte 3.5.2021 om løyve til å fylle ut over eit areal på 250 m2, etablering av betongmadrass over eit areal på 600 m2 og etablering av inntil 13 stålrørpeler ved Moloveien 125/280, 298 i Horten kommune. Statsforvaltaren har vedtatt å gi løyve på visse vilkår.
Vedtaket kan klagast på av parter i saka og andre med rettsleg klageinteresse.
Eventuelle klager må ein grunngi og sende innan 8. juli 2021 til:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no
Dokumenter
Kontakt oss
Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding