Rydda vekk tvil om vannscooterforbod i Færder nasjonalpark
No har domstolane rydda bort juridisk tvil om vannscooterforbodet i nasjonalparken.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Ei hending med brot på forskrifta i Færder nasjonalpark i 2020 der den sikta sådde tvil om lovverket var gyldig, har no vorte gjennomgått av domstolane.
Rettsavgjerda har fjerna all juridisk tvil om forbodet i Færder nasjonalparkar og andre nasjonalparkar. Les meir på Færder nasjonalpark sin heimeside.
Kjøyring i og nært verneområder er forbode
Statsforvalteren får mange spørsmål rundt vannscooter. Bruk av vannscooter er regulert i eiga forskrift. Der kjem det fram mellom anna at:
Køyring med vannscooter og liknande motordrevne fartøy ikkje skal skje i verneområde og i eit heildekkande belte på 400 meter frå alle verneområde. For verneområde i større vassdrag og innsjøar gjeld ein avstand på 500 meter.
Lenker
Kontakt oss
Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding