Naturtypekartlegging i 2022
Statsforvaltaren ber om forslag til område for naturtypekartlegging i 2022.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statsforvaltaren får kvar haust oppdrag frå Miljødirektoratet om å foreslå nye område for naturtypekartlegging etter Miljødirektoratet sin instruks (også omtalt som NiN-kartlegging). Vi vil vurdere innspel frå kommunane m.fl., og skal levere endeleg forslag til Miljødirektoratet innan 15. november.
Miljødirektoratet vil ha ein open innspelsrunde i desember, og etter ei samla vurdering prioriterer dei kva for område som skal kartleggast i 2022.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark inviterer derfor til innspel frå kommunane om område som bør kartleggast for naturtypar etter NiN- metodikk (Natur i Noreg).
Les meir om saka i vedlegget som ligg i menyen til høgre. Her ligg det og forklaring på korleis innmelding av nye område skal gjerast.
Og seinast 31. oktober:
Send e-post som stadfestar innmelding av område i kart til Linda Myhre, fmvelmy@statsforvaltaren.no