No kan du søkje om tilskot til å ta vare på verdifull natur!

Slåttemark. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

No er det mogleg å leggje inn søknader om tilskot til tiltak for å ta vare på den verdifulle naturen vår. Søknadsfristen er 15. januar 2024!

Publisert 15.12.2023

Du kan søkje om støtte til å ta vare på trua artar og naturtypar, pollinerande insekt, kulturlandskap, vassdrag, fisk, lokale vilttiltak og tiltak mot framande artar. Målgruppa er grunneigarar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, privatpersonar, landsdekkande organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar.

Nokre eksempel på tiltak er:

  • Skjøtsel og vedlikehald, som til dømes slått av slåttemark, tilrettelegging for beite på naturbeitemark, tiltak som hindrar gjengroing eller fjerning av framande artar.
  • Konkrete tiltak for enkelte artar, slik som flytting av individ, reintroduksjon og innsamling av frø.
  • Tiltak som krev tilpassa bruk på areal som inngår i drift av eit landbruksføretak, eksempelvis inngjerding av trua artar.
  • Kartlegging og overvaking i tilknytting til tiltak.

Rundskrivet (lenke i menyen til høgre) gir orientering om tilskotsordningane og kva det er mogleg å søkje på. Merk at målgruppe og type tiltak vil variere mellom dei ulike ordningane. Du kan òg få ei oversikt over dei ulike søknadsordningane her.

Korleis søkje:

Du kan gå direkte til søknadssenteret. Her kan du registrere deg som søkjer og finne informasjon om søknadsprosedyren saman med omtale av dei enkelte tilskotsordningane. Rapportering av tiltak det er gitt tilskot til, skal også skje gjennom søknadssenteret. 

Søknadsfrist:

15. januar 2024

Ansvarleg: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Kven kan søkje:

Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar kan søkje om økonomisk stønad for å betre natur- og miljøtilstanden i fylket.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Fungerende direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Skatt

Vi gjer merksam på at tilskot som vederlag for eigen arbeidsinnsats er å rekne som skattepliktig inntekt, jf. skattelova § 5-10. Dersom du søkjer som privatperson vil andelen av tilskotet som gjeld eigen arbeidsinnsats blir utbetalt som skattepliktig lønn. Dersom du søkjer som næringsdrivande må denne andelen av tilskotet førast inn i næringsoppgåva. Tilskot til dekning av dokumenterte utgifter i tilknyting til arbeidet er skattefritt, jf. skattelova § 5-11.