Tiltak for å heve kompetansen om lindrande behandling og omsorg ved livets slutt

Søknadsfrist:
1. mars 2021 23:00
Målgruppe:
Direkte målgruppe er helsepersonell som er tilsette i kommunane. Indirekte målgruppe er pasientar som har behov for lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet uavhengig av diagnose, og dessutan deira pårørande
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Hvem kan søke:
Kommunar i Agder og i Vestfold og Telemark
Rapporteringsfrist:
1. mars 2022 23:00

Tilskotet skal mellom anna styrka kvaliteten i tilbodet til pasientar som treng lindrande behandling og omsorg. Søknadsfrist er 1. mars 2021.

Publisert 01.02.2021

Tilskotet skal bidra til samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar om tiltak for å heve kompetansen og bidra til at pårørande blir tatt vare på.

Kommunar som søkjer må senda søknadsskjema til Statsforvalteren i Vestfold og Telemark som vedlegg til e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no.

Det same gjeld rapportering for innvilga tilskot. Sjå eige skjema under fana "Dokumenter".

Kontaktpersonar hjå oss finn du til høgre for artikkelen. Du kan òg kontakta regional kompetanseteneste for Regional kompetanseteneste for lindrande behandling (KLB), eller Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i fylket for råd og rettleiing.

Tilskotet blir forvalta i samarbeid mellom Regional kompetanseteneste for lindrande behandling og Statsforvalteren. Søknadene vert behandla innan 30. april 2021.

For meir informasjon om ordninga, sjå lenke til informasjon frå Helsedirektoratet på høgre side.

Søknadsfrist:
1. mars 2021 23:00
Målgruppe:
Direkte målgruppe er helsepersonell som er tilsette i kommunane. Indirekte målgruppe er pasientar som har behov for lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet uavhengig av diagnose, og dessutan deira pårørande
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Hvem kan søke:
Kommunar i Agder og i Vestfold og Telemark
Rapporteringsfrist:
1. mars 2022 23:00