Tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i NAV-kontoret
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2023 23:00
- Målgruppe:
- Sosialt og økonomisk vanskelegstilte
- Ansvarlig:
- Helse- og omsorgsavdelinga
- Hvem kan søke:
- Nav-kontora i Vestfold og Telemark
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2024 23:00
Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til å utvikle sosiale tenester som er heimla i sosialtenestelova.
Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon.
Det er NAV-kontora i Vestfold og Telemark som kan søkje.
Følgjande område vil bli særskilt prioriterte i 2023:
- Heilheitleg og samordna tenestetilbod tilpassa brukarane sitt behov
- Arbeid med barnefamiliar, ungdom, innvandrarar og langtidsmottakarar av sosiale tenester
- Sikring av sårbar overgang, blant anna lauslating etter straffegjennomføring, mellom utdanning og arbeidsliv, og mellom ulike tenester som barnevernet og NAV
- Førebyggjing og/eller tidleg innsats
For meir informasjon sjå fullstendig utlysingstekst ein annan stad på nettsida. Der finn de også regelverk og søknadsskjema.
Det overordna målet med tilskotsordninga er å gi eit heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa behova til brukarane.
Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer skal brukarane oppleve auka kvalitet i tenestene, og gjennom dette også betra levekår. Tenestene skal utformast slik at brukarane kan få moglegheit til å nytte arbeidsevna si, slik at flest mogleg kjem i lønna arbeid og beheld tilknytinga til arbeidslivet over tid.
Søknadsfrist er 1. februar 2023.
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2023 23:00
- Målgruppe:
- Sosialt og økonomisk vanskelegstilte
- Ansvarlig:
- Helse- og omsorgsavdelinga
- Hvem kan søke:
- Nav-kontora i Vestfold og Telemark
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2024 23:00
Kontaktpersoner
-
Hilde Gogstad
Tlf: 33 37 23 87 -
Karin Sørensen
Tlf: 35 58 61 94 / 90 62 47 33