05.01.2024

Resultata frå nasjonale prøvar skuleåret 2023-2024

Vi gjev ei kort oppsummering av resultata, både for offentlege og private skular i fylket.


05.01.2024

Høyring om nytt system for kvalitetsutvikling

Du kan no si meininga di om rapporten frå utval for kvalitetsutvikling i skulen. Kunnskapsdepartementet inviterer til høyringskonferanse i Bergen 16. januar 2024.


05.01.2024

Statsforvaltaren i Vestland forenklar arbeidet med dispensasjonssaker

Statsforvaltaren endrar praksis i dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova, ved at vi ikkje lenger ber om å få slike saker på høyring før kommunane gjer vedtak.


04.01.2024

Fagdagar for nye folkevalde

Vi har mykje kontakt med kommunane som følgje av rollene og oppgåvene våre. På fagdagane ønskjer vi å orientere nye lokalpolitikarar om dette samspelet og om dei ulike fagområda vi har ansvar for.


21.12.2023

Tilsyn med Bergen kommune og tilbodet om avlasting til barn og unge

Statsforvaltaren har gjennom behandling av fleire klagesaker sett at Bergen kommune ikkje organiserer avlastingstilbodet til barn og unge under 18 år i tråd med lovkrava. Vi har difor opna tilsyn.


21.12.2023

Ledige stillingar

Ønskjer du å arbeide med skuleelevar sin rett til eit trygt og godt skulemiljø? Vi har to ledige stillingar på utdanningsområdet. Kontorstad er Bergen. Søknadsfrist: 9. januar 2024.

20.12.2023

Første naturreservat med frivillig skogvern i Stad kommune

Kudalen ligg like aust for Hunvika i Stad. Området vart i dag verna i statsråd som naturreservat, som det første frivillig skogvern-området i kommunen. Eit av verneføremåla er å ta vare på store, gamle tre med hengjelav. 


Flere nyheter Få nyhetsvarsel

Følg oss på sosiale medier