Når barn på barnevernsinstitusjon kjem i kontakt med politi

Kontakt med politi kan bli opplevd som skremmande og inngripande, særleg om det vert nytta tvang. Barn vi snakkar med fortel også dette. Statsforvaltaren ønskjer informasjon om slike hendingar i eige skjema.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.10.2020, Sist endret 23.02.2021

Meld frå til Statsforvaltaren med elektronisk skjema

Vi ber institusjonar orientere oss når barn har vore i kontakt med politi. Les meir i brevet «Når barn på barneverninstitusjon kjem i kontakt med politiet», som de finn under «Dokument». 

Om barn i barnevernsinstitusjon har hatt kontakt med politiet, skal institusjonen dokumentere hendinga. 

På kva måte institusjonen skal dokumentere hendingar der barn har hatt kontakt med politi, kjem an på situasjonen. Dersom det vert utøvd tvang i medhald av heimlane i rettighetsforskrifta skal det gå fram av protokollen om politiet har vore involvert, jamfør rettighetsforskrifta §§ 14 og 20. I andre høve ber vi om at institusjonane fyller ut vedlagt skjema og fortløpande sender desse til oss.

Orientering kan sendes i elektronisk skjema. 

Alternativet er å bruke skjema som ligg under «Dokument» og send via Sikker melding til Statsforvaltaren. 

Når kan politiet gripe inn

Barnevernsinstitusjonar kan ikkje bruke politi til å løyse eigne oppgåver, men kan unntaksvis tilkalle politi for å handtere ein situasjon som har tilspissa seg. Institusjonen skal utan hinder av teieplikta gi politiet dei opplysningane som er nødvendige for at politiet på ein skånsam måte kan utføre oppgåva si, etter barnevernlova § 6-7.

Om ein barneverninstitusjon vurderer at det trengst hjelp frå politi og ber om dette, vil det vere opp til politiet å vurdere om dei kan hjelpe, og på kva måte. I nokre tilfelle har politiet ei eiga plikt til å gripe inn, etter politilova § 13. 

Under «Lenkjer» finn du rundskriv og retningslinjer som omhandlar samarbeid og hjelp frå politi i ulike situasjonar. Dette gjeld til dømes når barn som bur i barneverninstitusjon rømmer, sjå barnevernlova § 6-8, eller når barn oppbevarar rusmiddel eller farlege gjenstandar, eller når det oppstår ein akutt faresituasjon.  

Les meir om dette i artiklane Dersom institusjonen mistenker at barn oppbevarer rusmiddel eller farlege gjenstander, og Hjelp frå politiet i akutte faresituasjonar på barneverninstitusjonar. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.