Varetaking av utsette barn, unge og vaksne i ein sårbar periode
I samband med at pandemien har blussa opp att, minner Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratetet (Bufdir) om tre viktige prinsipp: Tilgjengeleg tenester, forholdsmessige tiltak og å oppretthalde prosessar for medverknad.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Tilgjengelege tenester
Det kommunale barnevernet og krisesentertilbodet skal halde opent og vere fysisk tilgjengeleg. Heimekontor og digitale møter skal berre brukast når det er forsvarleg. Tenestene bør aktivt følgje opp barn og familiar med samansette behov som det er særleg bekymring for i den perioden vi går inn i no.
Forholdsmessige tiltak
Når kommunen skal sikre forsvarlege tenester til barn, unge og sårbare vaksne, må kommunen vege moglege negative konsekvensar av tiltaka på kort og lang sikt opp mot den tilsikta positive effekten av tiltaka. Rettane til tenester opphøyrer ikkje i krisetid, men covid-19 forskrifta opnar for å gjere unntak frå nokre lovbestemmingar dersom det er naudsynt av omsyn til smittevern.
Oppretthalde prosessar for medverknad.
Kommunar har ei plikt til å opprette råd for personar med funksjonsnedsetting og ungdomsråd eller andre medverknadsorgan for ungdom. Bufdir minner om at når kommunar planlegg å utarbeide smitteverntiltak som får følgjer for barn, unge og personar med funksjonsnedsetting må desse gruppene involverast i prosessen. Møter med råd for personar med funksjonsnedsettingar og ungdomsråda skal oppretthaldast òg under pandemien.
Kontaktpersoner
-
Vibeke Herskedal
Tlf: 55 57 22 44 -
Gunn Randi Bjørnevoll
Tlf: 57 64 31 83 -
Eva Ekblom
Tlf: 55 57 20 99 -
Bente Cecilie Foss
Tlf: 55 57 22 33 -
Turid Måseide
Tlf: 57 64 31 64