Smittevernrettleiar for barnehagar
Barnehagar skal gjenopnast frå 20. april. Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ein rettleiar for smittevern i barnehagane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Den nye rettleiaren gir råd og støtte til barnehagar i koronakrisa, og tre punkt som er viktige å følgje for å bremse smittespreiing:
- Sjuke barn og vaksne skal ikkje vere i barnehagen
- God hygiene
- Redusert kontakthyppigheit mellom personar
Det er barnehageeigar som er ansvarleg for å sikre at barnehagedrifta skjer i samsvar med gjeldande lover og regelverk. Barnehageeigar må sørge for opplæring i smitteverntiltak for tilsette i barnehagen. Derfor har rettleiaren ei sjekkliste for barnehageleiarar om kva tiltak som må vere på plass før gjenopninga.
Sjå smittevernrettleiaren og meir informasjon om opninga på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.