Resultata frå nasjonale prøvar skuleåret 2023-2024

Vi gjev ei kort oppsummering av resultata, både for offentlege og private skular i fylket.

Publisert 05.01.2024

Vestland fylke sitt resultat samanlikna med landssnittet

Resultata frå nasjonale prøvar for skuleåret 2023/2024 er no offentlege. 5. og 8. trinn har gjennomført nasjonale prøvar i engelsk, lesing og rekning, medan 9. trinn har gjennomført nasjonale prøvar i lesing og rekning.

For 5. trinn er resultata delt inn i tre ulike meistringsnivå. På 8. og 9. trinn er resultata delt inn i fem ulike nivåa. Resultata går frå lågast til høgast meistringsnivå.

På 5. trinn har Vestland ein større del elever enn snittet i landet på det høgaste meistringsnivået i rekning (1,6 prosent). I engelsk og lesing er det ein mindre del elevar frå Vestland på høgste meistringsnivå enn i landet elles (1,2 og 1,3 prosent). På det mellomste nivået er det 0,6 prosent fleire i engelsk, og heilt likt i lesing.

På 8. trinn i rekning ligg Vestland marginalt under landsnittet på det høgaste meistringsnivået. Det er samstundes ein større del elevar frå Vestland som skårar på det nest høgste nivået enn i landet elles. I engelsk (1%) og lesing (1,1 %) er det ein lågare del elevar på høgaste nivå enn snittet i landet. Det er òg færre elevar på det nest høgste nivået.

På 9. trinn i rekning er det same del elevar på høgste nivå som snittet i landet, samstundes som det er fleire elevar på det nest høgste nivået. I lesing skårar elevane under landsnittet med ein differanse på 2,4 % på det høgste nivået, og marginalt over på det nest høgste (0,1 prosent).

Vestland fylke har varierande resultat i rekning etter årstrinn. Elevane skårar lågare enn landsnittet på det høgste nivået i lesing og engelsk for alle trinna.

Utvikling i Vestland fylke sidan skuleåret 2022-2023

I rekning på 5. trinn er det fleire elevar som får lågare resultat på det høgste nivået i 2023-24 enn i 2022-23, med ein nedgang på 1,2 prosent. I engelsk har det ikkje vore ei endring frå i fjor når det gjeld dei som skårar best på prøvane, men det er litt fleire elevar på det lågaste nivået enn tidlegare. I lesing har færre elevar eit resultat på det høgste nivået med ein nedgang på 3,1 prosent frå 2022-23.

På 8. trinn i lesing og rekning er det fleire elevar som skårar på dei lågaste nivåa og færre som oppnår dei høgaste. I engelsk har det samla vore ei positiv utvikling.

I rekning på 9.trinn har det vore minimale forskjellar. I lesing er det fleire elevar på dei lågaste nivåa og færre på dei to høgaste nivåa.

Skilnader mellom gutane og jentene sine resultat for 2023-2024

Gutane skårar betre enn jentene i rekning og jentene skårar betre i lesing, på alle trinna.


I engelsk er det større forskjellar. Gutane skårar best i engelsk i 5. trinn, medan jentene har betre resultat på 8. trinn.

Den totale oversikta over resultata finn du i analysebrettet på Utdanningsdirektoratet sin heimeside.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.