Tilbod i barnehage og skule for barn med foreldre som er tilsett i barnehage eller skule
Skular og barnehagar er døme på sentrale samfunnsfunksjonar som er vurdert som viktige i handteringa av pandemien. Tilsette i barnehagar og skular med barn under 12 år har rett til eit tilbod for barna i skule og barnehage.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Når barnehagar, skular og skulefritidsordningar er stengde eller har redusert opningstid, skal barnehage- og skuleeigarar sørge for eit tilbod til barn under 12 år, som har minst ein forelder tilsett i ein kritisk samfunnsfunksjon.
Sjå heile lista over kva yrke som er omfatta på regjeringen.no (sist oppdatert 22. desember 2021).
Lista er ikkje uttømmande, og oversikta kjem i tillegg til andre rettleiingar frå departement og verksemder som varetek kritiske samfunnsfunksjonar.
Sjå elles Udir si omtale av dette her.
Kontaktpersoner
-
Kjetil Stavø Høvig
Tlf: 55 57 22 60 -
Ane Øvregard Røhme
Tlf: 57 64 31 03 -
Hilde Alme
Tlf: 57 64 31 01