Tilsyn på opplæringsområdet 2021
Statsforvaltaren har i oppdrag å føre tilsyn med kommunane etter barnehagelova og opplæringslova. I vår fann vi regelverksbrot i 14 av 15 kommunar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vi har ført tilsyn med fleire tilsynstema
Våren 2021 har tema for tilsyna vore skulemiljø, spesialundervisning, opplæring for vaksne, særskild språkopplæring og barnehagemynda si rettleiing og tilsyn.
Alle våre tilsyn blir opna på bakgrunn av ei vurdering av risiko for brot på regelverket.
Tilsynsfunn viser at enkelte forhold går igjen
Statsforvaltaren har varsla dei aktuelle kommunane om at vi har funne regelverksbrot i 14 av dei 15 tilsyna vi har opna. Når vi ser på tilsyna samla er det enkelte forhold som går igjen. Nedanfor har vi oppsummert hovudtendensane.
Skulemiljø og skulens aktivitetsplikt
Vi finn i fleire tilfelle at kommunane ikkje
- syter for at skulen oppfyller plikta til å følgje med og gripe inn, varsle, undersøke og sette inn tiltak for å sikre at elevar har eit trygt og godt skulemiljø
- syter for at skulen førebyggjer brot på retten til eit trygt og godt skulemiljø for elevane ved å arbeide kontinuerleg for å fremje helse, trivsel og læring til elevane
- syter for at skulen oppfyller plikta til straks å varsle, undersøke og sette inn tiltak ved mistanke eller kjennskap til at ein som jobbar på skulen, har krenkt ein eller fleire elevar
- syter for at skulen oppfyller plikta til å gjennomføre, evaluere og tilpasse tiltak for å sikre at elevar har eit trygt og godt skulemiljø
Spesialundervisning
Fleire av tilsynsrapportane viser at kommunane ikkje
- syter for å gjere vedtak som oppfyller retten til spesialundervisning og saksbehandlingsreglane i forvaltningslova
- syter for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering av de særskilte behova til eleven før den gjer vedtak om spesialundervisning
Opplæring for vaksne
I fleire av tilsyna er det vår vurdering at kommunen eller fylkeskommunen ikkje
- syter for å gje rettleiing og vurdere om søkjarar har rett til grunnskuleopplæring for vaksne
- syter for å gjere enkeltvedtak som konkluderer om rettigheitene til søkjaren og viser eit innhald i opplæringa som er tilpassa den vaksne sitt behov
- syter for at sakshandsaminga ved vurdering av rett til vidaregåande opplæring oppfyller krava i forvaltningslova
- syter for å gje opplæring til alle som oppfyller vilkåra for rett til vidaregåande opplæring
Særskild språkopplæring
Under dette tilsynstema har vi funne at kommunane ikkje
- syter for at den enkelte eleven si rett til særskilt språkopplæring vert oppfylt
Barnehagemynde si rettleiing og tilsyn
Det som går igjen i våre rapportar under dette tilsynstemaet er at kommunen som barnehagemynde ikkje
- ser til at barnehagane drivast i samsvar med gjeldande regelverk
Vegen vidare
Når Statsforvaltaren gjer vedtak med pålegg om retting i eit tilsyn, skal kommunane og fylkeskommunen setje i verk tiltak for å rette regelverksbrota straks. Kommunane får ein frist til å erklære at brota er retta. Statsforvaltaren avsluttar tilsyna når kommunen og fylkeskommunen gjennom utgreiing og erklæring har vist at dei har ein lovleg praksis.