Tilsyn på barnehage-, skule- og integreringsområdet 2022
Vi vil føre tilsyn med mellom anna spesialpedagogisk hjelp i barnehage, spesialundervisning i skule og kommunens internkontroll på skulemiljøområdet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statsforvaltaren fører tilsyn for å sikre at kommunane og fylkeskommunen oppfyller krava i regelverket. Hensikta er å sikre eit godt, trygt og likeverdig barnehage- og opplæringstilbod for alle.
Når vi vel ut barnehagar, skular og kommunar som tilsynsobjekt, baserer vi oss på risikovurderingar. Desse fortel oss kor det er sannsynleg at det skjer brot på regelverket, og kor alvorlege konsekvensane av regelverksbrot kan bli.
Vi har per i dag vald ut desse temaa for tilsyn i 2022
- spesialundervisning, m.a. bruk av alternativ opplæringsarena og sakkunnig vurdering
- eleven sitt utbytte av opplæringa og undervegsvurdering
- skulemiljø og kommunens internkontroll
- grunnskuleopplæring for vaksne
- skulebasert vurdering
- meldeplikt til barnevernet
- introduksjonsprogrammet
- spesialpedagogisk hjelp og tilrettelegging for barnehagebarn
Belastninga på kommunane som følgje av koronasituasjonen fører til endringar i tilsynsplanen
Statsforvaltaren har i oppdrag å samordne statlege tilsyn retta mot kommunane i fylket. Etter at tilsynsplanane er godkjende, blir dei publiserte i nasjonal tilsynskalender. Nokre av tilsyna som var planlagde for første del av 2022 er flytta til litt seinare ut på våren. Vi har lagt inn oppdaterte tilsynsdatoar i den nasjonale tilsynskalenderen.
Vi planlegg å gje rettleiing om regelverket på nokre av tilsynsområda. Dette vil bli orientert om nærare på våre nettsider.
Meir informasjon
Her finn du dato for tilsyn som er lagt inn i nasjonal tilsynskalender for 2022.
RefLex er eit verktøy for tilsette i barnehage og skule, og ei hjelp til å reflektere rundt korleis ein jobbar med regelverket. Her finn du informasjon om dei nasjonale tilsynsopplegga på barnehage- og skuleområdet.
Kontaktpersoner
-
Lill Mona Solberg
Tlf: 57 64 31 05 -
Marianne Svege
Tlf: 55 57 22 55 / 41 61 42 96