Sjå opptak av konferansen "Ein bustad for heile livet"
Konferansen blei arrangert i Bergen 31. mai. Om du ikkje fekk han med deg, kan du sjå opptak her.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Sist endret 06.01.2023
På konferansen retta vi merksemda mot behov, moglegheiter og løysingar som gjer at den einskilde kan bu lenger i eigen bustad. Vi fekk mellom anna gode døme frå kommunar som har jobba godt med desse problemstillingane. Temaet er sentralt i Leve heile livet-arbeidet, og heile programmet finn du under «Dokument».