Fritak frå å dokumentere skifte når du skal gifte deg på nytt
Dersom du ønskjer å inngå ekteskap på nytt må du gi opplysningar til skatteetaten om at det er gjennomført skifte etter tidlegare ekteskap, partnarskap eller sambuarskap. Når særlege grunnar talar for det kan Fylkemannen gje fritak frå kravet om å dokumentere skiftet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Før du skal gifte deg, må skatteetaten sjekke at vilkåra for å inngå ekteskap er oppfylte. Har du vore gift før eller er tidlegare ektefelle død, må du gi skatteetaten opplysningar om at skiftet er gjennomført.
Eit «skifte» betyr økonomisk deling av den formuen du og tidlegare ektefelle har hatt saman i ekteskapet, som bustad, pengar og andre eigedelar.
Er det under to år sidan du vart skilt kan det søkjast om fritak for å dokumentere gjennomføringa av skiftet. Fylkesmannen kan gi fritak «når særlige grunnar» taler for det. For at Fylkesmannen skal kunne gi fritak, må ektefellane normalt ha hatt siste felles bustad utanfor Noreg. Årsaka til dette er at det i desse tilfella kan vere vanskeleg å få gjennomført skiftet fordi nokre land har skifteordningar som ikkje kan samanliknast med våre.
Fritak for å dokumentere skiftet kan handsamast saman med søknad om godkjenning av utanlandsk skilsmisse eller som eiga sak.
Du skal sende søknaden til Fylkesmannen i det fylket du bur eller oppheld deg i. Er du busett i utlandet kan saka handsamast i det fylket ekteskapsvilkåra skal prøvast eller der vigsla skal skje.
Det er krav om bruk av eit bestemt søknadsskjema, i tillegg til at det er strenge krav til dokumentasjonen for dei opplysningane du legg fram.
Skjemaet og fleire opplysningar om krava til dokumentasjon finn du her.
Fylkesmannen i Vestland prioriterer handsaminga av desse sakene og brukar normalt rundt to veker på å avgjere saka dersom søknaden og dokumentasjonen er i samsvar med krava. Dersom vi må få stadfesta dokumenta frå styremakter eller ambassadar i andre land, vil det ta noko lengre tid.