Velkomen som ny norsk statsborgar!
Statsforvaltaren har som oppgåve å arrangere seremoniar for nye norske statsborgarar, og denne helga vart det ikkje mindre enn fire seremoniar: to i Førde og to i Bergen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Seremonien er meint som ei markering av at den nye statsborgaren no er ein del av det norske fellesskapet, og skal vere ein festdag for dei og gjestene deira. Talar, underhaldning, truskapseid og utdeling av gåvebok er på programmet, før det heile vert avslutta med nasjonalsongen. Etter seremonien vert alle inviterte til enkel servering.
Statsforvaltar Liv Signe Navarsete stod for seremoniane i Førde, medan ass. statsforvaltar Gunnar O. Hæreid leia dei to i Bergen.
Statsforvaltaren i Vestland takkar for oppmøtet og vil igjen ønskje dei nye statsborgarane velkomne inn i fellesskapet.
Statsborgarseremoni i Bergen. Foto: Edvard Høgestøl.