Kommunane har ansvar for psykososial beredskap og oppfølging
Evakueringa frå Gaza av personar med tilknyting til Noreg, har igjen aktualisert behovet for psykososial beredskap. Vi oppmodar kommunane om å ha merksemd på å tilby psykososial støtte og oppfølging i akutte situasjonar, for å førebygge og avhjelpe allereie oppståtte traume.
Å leve over lengre tid i ei krigssone er dramatisk, og det er viktig at nettsidene til kommunane har tydeleg informasjon om kvar det er mogleg å få hjelp. Å vere utsett for eller vitne til traumatiske hendingar påverkar alle, både barn og vaksne. Les heile brevet frå Helsedirektoratet, som er sendt ut til kommunane, under «Dokument».
Sjå oversikt over psykososiale kriseteam i Sogn og Fjordane, under «Dokument». Artikkelen vil bli oppdatert med ei oversikt over heile Vestland, når den er klar.
Kommunen sitt sørge-for-ansvar
Kommunane har eit ansvar for å tilby psykososial beredskap og oppfølging. Proaktiv psykososial oppfølging av personar som er direkte råka av traumatiske hendingar, har stor betydning. Ei slik oppfølging inneber at kommunen aktivt tek direkte kontakt med den eller dei ramma, og tilbyr støtte og bistand i ei tidleg fase. Det inneber vidare at kommunen etter ei tid tek ny kontakt dersom den ramma direkte etter katastrofen ikkje ønskjer eller ikkje er i stand til å ta i mot hjelp. Den nasjonale rettleiaren tilrår at den som er ramma får ein fast, namngitt kontaktperson i kommunen som kan bidra til kontinuitet og heilskapleg oppfølging. Les meir i rettleiaren for psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofar.
Tydeleg og lett tilgjengeleg informasjon
Vi oppmodar om kommunane om å legge ut informasjon på nettsidene sine om korleis tenestene er organisert og kvar innbyggjarane kan få psykososial oppfølging. Innbyggjarane bør lett få oppdatert informasjon om
- kva tenester og tilbod som er tilgjengelege
- kva aldersgrupper og målgrupper tenestene rettar seg mot
- opningstidene til tenestetilbodet
- kva telefonnummer dei kan ringe for å komme i kontakt med tenestene, og kva tid det er telefontid
- adressa for tilbodet
Kommunen må tydeleggjere at fastlegane har ein strakshjelp-funksjon på dagtid, ifølgje forskrift om fastlegeordninga i kommunen. Det må også kome fram kva andre akuttilbod som er tilgjengelege, utanom ordinær opningstid, som lokal legevakt og akuttmottak i spesialisthelsetenesta.
Det psykososiale teamet bør ha ei tverrfagleg samansetjing, der både helsefagleg og barnefagleg kompetanse inngår. Vi tilrår òg at teamet har med prest, mellom anna fordi prestar har viktig kompetanse om religiøse ritual og forventningar, uavhengig av trussamfunn.
Informasjon og råd
I lenkjene under finn de oppdatert informasjon og råd om varetaking av psykososiale behov.
- Barn, unge og familier på flukt, frå Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS)
- Psykososial beredskap – konkret informasjon og rettleiing om kriser og katastrofar, for kommunar, kriseteam, hjelpepersonell og frivillige (frå Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS)
- Hva trenger barn som har opplevd krig? - Psykososial beredskap (RVTS)
Kommunane kan kontakte RVTS i sin region. Dei har spesielt ansvar for å hjelpe kommunane med rettleiing og kompetanse i psykososial oppfølging og beredskap. Helsedirektoratet har også råd til kommunar og tilsette i helse– og omsorgstenestene på sine nettsider.
Kontaktpersoner
-
Haavard Stensvand
Tlf: 57 64 30 10 / 91 57 74 32 -
Linda Svori
Tlf: 57 64 31 61 / 93 28 64 42