Krav om retting og sletting i pasientjournal etter avvikling av praksis eller verksemd
I etterkant av medieoppslag knytt til avvikling av WeCare – avdeling Sotra, har fleire pasientar tatt kontakt med førespurnad om korleis dei skal gå fram ved krav om retting og sletting i pasientjournal.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Den 1. oktober 2021 kom det ei ny nasjonal ordning for oppbevaring av pasientjournalar ved overdraging og opphøyr av verksemd. Når ei verksemd vert overdrege eller lagt ned, og det ikkje er aktuelt med direkte overføring av pasientjournalar til anna bestemt helsepersonell eller verksemd, er verksemda pliktig til å overlevere journalane til Norsk helsearkiv, jf. forskrift om pasientjournal paragraf 17.
Når ein praksis eller ei verksemd er avvikla, er det Norsk Helsearkiv som har ansvar for oppbevaring av journalar og å administrere overflytting av journalar til andre behandlarar. Helsedirektoratet behandlar innsynskrav, medan krav om retting og sletting i journal kan behandlast av ny behandlar. Ny behandlar må då sende inn ein søknad til Norsk helsearkiv om mynde og tilgang til å behandle kravet om retting og sletting i journal.
Les meir utfyllande informasjon om oppbevaring av pasientjournal hos Helsenorge.