Med mål om likeverdig tilbod – pakkeforløp for psykisk helse og rus
Pakkeforløp er standardiserte pasientforløp. Helsedirektoratet har no lansert tre pakkeforløp innan rus og psykiatri. Målet med pakkeforløpa er å sørge for at pasientane får behandlingsforløp med betre samhandling, klare ansvarsforhold og gode overgangar mellom ulike tenester.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Omsorg for heilheitleg helsetilstand
Forløpa som er lansert er utgreiing og behandling for barn og unge, utgreiing og behandling for vaksne og tverrfagleg spesialisert behandling. Forløpa legg vekt på større grad av brukarmedverknad og samarbeid med pårørande i utgreiing og behandling innanfor området rus og psykiatri. Områda er slått saman då dei ofte er knytt til kvarandre, og pasientane har ofte kroppslege plager i tillegg. Omsorg for den heilheitlege helsetilstanda til desse pasientane er difor vektlagt. Både representantar frå brukar- og pårørandeorganisasjonar og fagansvarlege har bidrege i utarbeidinga av forløpa.
Likeverdig behandling uavhengig av bustad
Per i dag er helsehjelpa til denne pasientgruppa svært variabel. Det er store skilnader både i kva slags tilbod desse pasientane får og i kor lange ventetidene er. Pakkeforløpa har som føremål å styrke det samla behandlingstilbodet då dette skal være likeverdig uansett kor ein bur i landet.
Innføring frå nyåret
Dei regionale helseføretaka gjennomfører i oktober konferansar med sentrale aktørar som eit ledd i innføringa. Pasientar kan tilvisast til dei nye pakkeforløpa frå 1. januar 2019. Dei neste forløpa som vil bli sett i verk er meir spesifikke og retta mot pasientar med psykose, tvangslidingar og spiseforstyrringar. Helsedirektoratet vil seinare også lansere eit pakkeforløp for gravide som nyttar eller har nytta rus eller vanedannande legemiddel.