Forsking på kvalifiseringsprogrammet
Arbeids- og velferdsdirektoratet inviterer til presentasjon på Teams 28. juni klokka 10.00 – 13.00.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vi får høyre om Fafos forsking som resulterte i rapporten «Velferdsordninger til unge. Bruk av arbeidsavklaringspenger og kvalifiseringsprogram blant unge utenfor arbeid og utdanning.». I tillegg presenterer Oxford Research kartlegginga dei har gjort av arbeidet med kvalifiseringsprogrammet.
Det blir høve til å stille spørsmål og kome med refleksjonar.
Målgruppa for webinaret er tilsette i Nav. Dei som ønsker å delta, kan ta kontakt med Elisabeth Munch-Ellingsen i Arbeids- og velferdsdirektoratet på e-post eller på telefon 928 83 007.
Du kan lese rapporten frå Fafo på nettsida deira.
Du kan lese rapporten frå Oxford Research på nettsida til Nav.