Rapport om kommunane sitt arbeid med kvalifiseringsprogrammet
Kvalifiseringsprogrammet skal bidra til at personar som av ulike grunnar slit med å få seg jobb, skal få hjelp. Målet er arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I sosialtenestelova paragraf 29 står det meir om kven som har rett på kvalifiseringsprogram. Tenesta består både av eit individuelt tilpassa program med arbeidsretta aktivitetar, tett oppfølging og ein økonomisk stønad som blir utbetalt på same måte som ei ordinær løn.
På oppdrag frå Arbeids- og velferdsdirektoratet har Oxford Research utarbeida ein rapport som syner korleis kommunane jobbar med kvalifiseringsprogrammet. Det er grunn til å tru at fleire personar kan ha nytte av, og rett på, kvalifiseringsprogrammet enn dei som har det per i dag. Rapporten tar for seg bruken av kvalifiseringsprogram, korleis arbeidet er organisert, innhaldet i programma og korleis deltakarar i program vert følgt opp. Oxford Research har vidare sett på kva som kan vere barrierer for bruk av kvalifiseringsprogrammet, og i rapporten finn vi refleksjonar og tilrådingar rundt dette.
Du kan lese heile rapporten frå Oxford Research på nettsida deira.