Digitalt opplæringsprogram om spesialistutdanninga for legar
Helsedirektoratet har lansert eit nytt digitalt opplæringsprogram, DigLIS. Målet er å gi støtte til legar i spesialisering (LIS), til rettleiarar og supervisører, og til leiarar i kommunar og sjukehus som skal ta imot ein LIS-lege.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 19.06.2023
DigLIS er ein open, gratis og interaktiv løysing som gjennom tekst, lyd, bilete og film gir gode råd, tips og rettleiing om ny spesialistutdanning. Vidare kan ein mellom anna finna svar på ofte stilte spørsmål, og ei omfattande lenkjesamling. DigLis finn du på den digitale plattforma Komptansebroen.no.
Du kan lesa meir om DigLis på helsedirektoratet si heimeside.