Kommunar må sikre at dei er registrert som utdanningsverksemd
For at LIS i samfunnsmedisin skal få godkjent tenesta si, må kommunar vere registrert som utdanningsverksemd. Kommunar som søkjer om registrering som utdanningsverksemd i samfunnsmedisin, kan søkje om tilbakedatering av registreringstidspunktet innan 31. desember.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Mange kommunar i Vestland har legar tilsett i samfunnsmedisinske stillingar, som er i spesialisering i ny ordning. For at LIS i samfunnsmedisin (SamLIS) i ny ordning skal få godkjent tenesta, må verksemda vedkomande arbeider i, vere registrert som utdanningsverksemd. Dato for registrering, og tidspunktet SamLIS kan få teljande teneste frå, vil vere søknadsdato. Nokre kommunar har ikkje søkt, eller har søkt etter at SamLIS har starta i samfunnsmedisinsk stilling i kommunen. Dette kan medføre at nokre SamLIS risikerer å ikkje få godkjent tenesta.
Endring i spesialforskrifta gjer at kommunar kan søkje om tilbakedatering
Spesialistforskrifta sin § 38 har no blitt endra, slik at verksemder som søker om registrering før 31. desember 2023, kan få tilbakedatert registreringstidspunktet. Verksemda må då dokumentere at oppfølging av SamLIS har blitt gjeve i tråd med krav i spesialistforskrifta. Dette inneber mellom anna individuell rettleiing og supervisjon, og individuell utdanningsplan for spesialiseringsløpet.
Meir informasjon og standardskjema for å søkje, finn de på Helsedirektoratet sine nettsider.
Frukostmøte om korleis søkje 20. september
ALIS Vest og SamLIS Vest skal også ha eit frukostmøte på nett om korleis ein praktisk fyller ut søknad om registrering som utdanningsverksemd i samfunnsmedisin onsdag 20. september klokka 08.30-10.00.
Meir informasjon om spesialisering i samfunnsmedisin kan de finne på Helsedirektoratet sine sider, og på nettsida til Regionale rådgivningskontor for styrket spesialistutdanning i samfunnsmedisin (SamLIS). Kontaktinformasjon til SamLIS Vest finn de også på heimesida til SamLIS.