Fleire i Vestland fekk sosialhjelp i 2022
14 716 personar fekk sosialhjelp i fjor. Dette er ein auke på 7,2 prosent frå året før. Det er lågare auke i Vestland enn i Noreg som heilskap.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
På landsbasis var det 8,7 prosent fleire sosialhjelpstilfelle i 2022 enn i 2021.
Både i 2020 og i 2021 var det reduksjon i talet på mottakarar av sosialhjelp i Vestland. No har altså trenden snudd, og talet aukar att.
Berre tre av kommunane i Vestland hadde færre sosialhjelpsmottakarar i 2022 enn året før: Stad kommune hadde åtte færre, Ullensvang hadde seks færre og Aurland hadde ein færre enn i 2021.
Tabellen under viser dei ti kommunane i Vestland med flest sosialhjelpsmottakarar i 2022:
Kommune |
Sosialhjelpsmottakarar |
Endring |
Bergen | 6784 | + 0 % |
Øygarden | 999 | + 5 % |
Alver | 628 | + 21 % |
Askøy | 577 | + 4 % |
Sunnfjord | 465 | + 4 % |
Voss | 443 | + 29 % |
Bjørnafjorden | 435 | + 25 % |
Kinn | 351 | + 22 % |
Stord | 290 | + 7 % |
Sogndal | 265 | + 20 % |
Dei tre kommunane med færrast sosialhjelpsmottakarar i 2022 er Solund med 10, Fedje med 14 og Hyllestad med 19.
Heile oversikta over mottakarar av sosialhjelp i Vestland i 2022 finn du i dette dokumentet.
I høve til folketalet
Rekna i høve til folketalet utgjorde talet sosialhjelpsmottakar 2,2 prosent av innbyggartalet i Vestland i 2022.
Dei tre kommunane med størst andel sosialhjelpsmottakar er Modalen (5,3 prosent), Ulvik (4,5 prosent) og Eidfjord (4,2 prosent). Dei to med færrast er Aurland (1,2 prosent) og Solund (1,3 prosent).
Heile oversikta for sosialhjelpsmottakarar i høve til folketalet finn du i dette dokumentet.
Barn i familiar som fekk sosialhjelp
Dei tala kommunane har rapportert inn til Statistisk sentralbyrå viser at det er 6 130 barn i dei familiane i Vestland som mottok sosialhjelp i 2022. Dei fem kommunane med flest barn i slike familiar er:
Kommune |
Barn i familiar som fekk sosialhjelp |
Bergen | 2133 |
Øygarden | 455 |
Askøy | 330 |
Alver | 316 |
Kinn | 296 |
Heile oversikta over barn i familiar som fekk sosialhjelp i 2022 finn du i dette dokumentet.